Torsdag 14 Mars
Kl. 19:00, Kulturbadet
Konfliktane i Nord-Irland: konflikt om statstilhøyre
Arrangør: Kulturbadet bibliotek

Konfliktane i Nord-Irland: konflikt om statstilhøyre – ikkje om religion. 400 års konflikthistorie fram til langfredagsavtala (1998) og dei politiske utfordringane i dag på 45 minutt - foredrag med Roar Madsen

Kulturbadet bibliotek ønsker velkommen til foredrag om konfliktene i Nord-Irland med Roar Madsen, torsdag 14. mars, kl. 19:00 på Lillescenen.

"Nord-Irland vart eiga politisk eining i Det foreinte Kongeriket Storbritannia og Nord-Irland då britane delte Irland i 1921. Både lenge før og i tida etter har området vore sentrum for valdeleg og politisk konflikt om engelsk/britisk kolonisering og om dei maktforholda denne skapte. Særleg kjend er den tretti år lange konfliktperioden «the troubles», då nesten 4000 personar mista livet fram til langfredagsavtala (1998). Avtala normaliserte Nord-Irland, og reduserte paramilitær og statleg valdsbruk sterkt. Det er likevel skarp usemje om Nord-Irland bør vera del av Det foreinte Kongeriket eller del av eit samla og sjølvstendig Irland, og det finst ikkje noko ålment godteke forteljing om konfliktane om og i Nord-Irland."

Kilde: Nord-Irlands historie, hovedartikkel i Store norske leksikon skrevet av Roar Madsen.

Roar Madsen er historikar ved Institutt for Lærarutdanning (NTNU), styremedlem i International Research Association for History and Social Sciences Education (IRAHSSE), og fagansvarlig for Nord-Irlands historie i Store norske leksikon (SNL).

2024 © Alstahaug frivilligsentral